- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
104

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Striden um teologi og kristendom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

104

preste-lærar fordi kyrkjestyret gav kvinner lov å tala i
kyrkjene!

Når so gløgg ein mann kunde vera so stiv, skal me
ikkje undrast på andre som fordømde kvinnesaki. Eg
minnest serleg ein prest som för ikring og skreik ut frå
preikestolen: den ugudelige kvinne-emansipasjon!

Men underlegt var det at Odland frå
Menighetsfakultetet gjekk til Kinamisjons-forbundet, som alt lenge
fyrr hadde gjeve kvinner rett til å tala.

Odland kunde vera morosam, og gjorde lukka millom
studentane med sine sprakande merknader. Jamvel i
Student-samfundet fekk han studentane med seg då han
i 1906 heldt foredrag der um Ording-saki. «Hvorfor skal
man kaste sig over en sølle professor som mig ? når det er

grunnlov og konfesjon det gjelder?»

#

So kom 1907 med åtak frå tvo kantar på jole-evangeliet
og påske-evangeliet. Det var eit sviande slag for alle
som hadde levt på slag-ordet «fast tru og fri vitenskap».

Det var den noble hjartegode presten Carl Konow
som gav støyten. Professor Ording sa seg einig med
Konow. Otto Jensen kjende seg sviken: hadde han visst
dette, vilde han ikkje teke ansvaret for utnemningi av
Ording. Hundradvis av tenkjande kristne kjende grunnen
svikta. Odland fekk altfor mykje rett! Heuch fekk altfor
mykje rett! Den nyare teologi sprang lina ut i fornekting
av sjølve grunnvollen i kristendomen.

Chr. Bruun skreiv: «Det er en blodig fornærmelse mot
hele den kristne kirke å nekte Jesu legemlige opstandelse.»
Viggo Ullmann sa: «Fins det ingen myndig røst her i
landet som kan rope ut: enten er dette sant! eller så er
det ingen kristendom!»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0106.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free