- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
140

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Bondeungdomslaget i Oslo

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

140

Segn», som hev greidt å halda seg uppe i snart
halv-hundrad år.

Alt i hop er vitnemål um kultur-makti hjå norsk
bonde-ungdom.

*



Idar Handagard skreiv fyrste helselæra på ny-norsk,
den som Bjørnstjerne Bjørnson gjorde narr av:
«Manna-li-fea-men!» sa han. Det minnte um korleis Ludv. Daae
rengde Vinjes bok til «ferdaminni!»

Idar Handagard var ut-lærd dokter; men han vigde
heile sitt liv til målstrevet.

Etter kvart kom lærebøker i naturfag på nynorsk, og
dei greidde å skapa eit klårt og vent naturvitskaplegt
høg-norsk.

#

Retts-målet grunn-la bonde-guten professor Gjelsvik
so framifrå, at riksmåls-juristane laut læra av han å forma
lovene sine. Ein stortingsmann fortalde meg at det jamt
gjekk slik: når ei lov-nemnd hadde skrive utkast til ei
ny lov, sende dei teksti til Gjelsvik, som skulde setja um
til nynorsk; når so lov-nemndi fekk sjå Gjelsviks tekst,
sette dei henne um til bokmål att!

Eg hadde arbeidt med umsetjing av livstrygde-reglar.

Det var straks etter Bjørnson mana til boikott av
målmenn: forretningsfolk skulde ikkje ekspedera ordre
på landsmål!

Då sende livstrygdelaget «Glitne» alle sine papir til
meg og bad meg setja dei um til landsmål. «Glitne» skal
ha den æra at det var det fyrste livstrygdelaget som vilde
nytta heilnorske trygdebrev. Det var fyrr «Andvake» kom.

Eg streva svært med dei innfløkte paragrafane. Eg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0142.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free