- Project Runeberg -  Bibelen for barn /
129

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

129

Folke-sambandet, som skulde vaka yver freden og
greia alle flokar på fredleg vis. Og so røyner vi at
den eine etter den andre tek seg sjølv til rettes, og brukar
mordvåpen på sine medmenneske! tenk berre på korleis
Italia for fram i Etiopia! heile Europa stod rådlaust!
eller tenk på borgarkrigen i Spania! kor gjeng det med
kulturen? dei er verre enn dei villaste barbarar eller
berserkar frå gamle dagar.

Og kor gjeng det med å få ende på fatigdom og
fyll og urettferd? So lenge hjarta vårt er fullt av
sjølv-hug og sjølvkjærleik og sjølwilje, vert det den gamle
leksa uppatt. Kulturen og upplysningi utan kjærleik
— vil berre med større og større sløgskap kara alt til
seg sjølv!

Der hev den gamle Preikaren rett: det finst inkje nytt
under soli: trass i alle uppfinningar og uppdagingar og
framsteg, vert det berre det same på ein annan måte.

Til yverskrift yver skildringane i Preikaren kan vi
setja: slik vert livet utan Gud! Same yverskrifti kan
vi setja yver ei heil mengd bøker som kjem ut til kvar
jol: slik er livet utan Gud! Sameleis når vi ser alt det
vonde auka og breida seg i dei gamle kulturlandi: slik
vert det utan Gud.

Vi må læra å rekna med Gud; då vert livet heilt
onnorleis.

Eller skal eg segja: vi må læra å rekna med Jesus
Krist! Hadde den gamle gamle Preikaren set Jesus,
so vilde han ikkje sagt det han segjer. Då vilde han
ha røynt det kom noko vedunderleg nytt på jordi: med
Jesus kom det nye livet frå Gud! og med Jesus kjem
nytt liv i eino. Det kan eg fortelja i dag: eg hev
upp-levt det, at livet vert nytt for meg frå dag til annan,
kvar ny dag kjem med ny nåde frå Gud. Og kvart nytt
år kjem med nytt ljos yver livet. Livet hev vorte rikare

9 — Anker: Bibelen £or bam.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnepreik/0131.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free