- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
207

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 16. Viljelivet hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

207

kann eit barn taka iil å verta uroleg og skrika, når det
ser mjølkeflaska det vanleg får drikka av. I den femte
månaden byrjar sume born å gripa etter noko dei ser
framanfor seg, har me nemnt (s. 54).

Når barnet er 4—5 månader gamalt, kann ein soleis
sjå tydelege døme på viljearbeid. Barnet grip med*
vitande inn og nyttar ei kraft det råder over, til arbeid
snart på ein måte og snart på ein annan.

Når det lid ut i andre halvåret, kann ein sjå at
barnet og tenkjer seg i arbeid jamvel fyrr arbeidet er byrja.
Har barnet vorte «dansa» med på hendene ei lita tid, og
det so vert sett i ro att, so tek det ofte til å bruka hender
og føter på ein slik måte at ein tydeleg ser det ynskjer
å koma i veg att. Eller ein kann leggja merke til at det
tenkjer seg rista på ei «rangle» det ofte har havt i hen*
dene, berre det får sjå henne. Ein skynar at barnet kjenner
seg eitt med ei fyrestelling som gjeld eit arbeid det skal
taka til med. Her har me for oss eit av dei tydelegaste
kjennemerke på ein intelligens som tenkjer og set
seg mål.

Dei verkelege viljeverksemder er sermerkte med, at
mennesket då vert sett til å velja. Det kjem upp fleire
fyrestellingar som ikkje kann verta sette i verk samstundes.
So vert spursmålet: kva skal ein gjera. Ein kjenner seg
dregen til fleire kantar. Og no må det verta gjort eit
val. Denne rådleggjing med seg sjølv kann taka stuttare
eller lengre tid. Men skal det verta til noko arbeid, so
må rådleggjinga enda med eit vedtak som ein gjer: det
skal eg taka til med fyrst.

Me vaksne kjenner so vel til kor vanskeleg det ofte
feil for oss dette arbeidet å velja. Og me kann sjå kor
tungt det ofte feil for barnet og. Det tek seg so råd*
villt ut. -

Det er ein skilnad på barnet og oss vaksne når det
gjeld å velja. Barnet lever meir i augneblinken enn me.
Og so mykje meir di yngre det er. Det tenkjer ikkje på
fylgjene i framtida. Det er berre um å gjera korleis verk*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0209.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free