- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
90

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VI.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

at sin «demisjonsrett» hadde han ikkje tapt, kor det
no kunde vera med dimisjonsretten.

Fabrikkrussen, og Daniel med dei andre, vart
bleikare um nebben for kvar dag som gjekk. Og den
eine etter den andre vart sjuk og la seg etter, ein i
den bakken og ein i hin, liksom trotna soldatar på ein
feltmars. Men fabrikk-gutane hadde ikkje lov til å vera
sjuke heller; det var ingen som trudde på sjukdomane
deira. Professorane drog på aksiom; russen lo; «han
er sjuk i matematikk», sa dei; «han hev vondt i gresken».
Og i «Den gode Borger» stod det meinsløge stykke um
kor rart det var, at det nettupp skulde vera
fabrikkrussen som var so sjukleg i eksamen.

Hans Haugum og Markus Olivarius heldt seg rett
godt; men Halvor Mosebø og fleire andre vart sjuke
Daniel tenkte sterkt på å melda seg sjuk, han med.
Men so råka han Sven Dufva ein dag. Han var svært
bleik, Sven, og dei store redde gaselle-augo stod i
hausen hans kvite og stive som klinkenaglar. «Men
Herre Gud; De er ikkje frisk?» sa Daniel forstøkt.
Sven Dufva riste på hovudet. «De må til dokteren og
få attest!» heldt Daniel fram. Då stirde Sven Dufva
på Daniel, og ein raud skugge la seg yver andletet hans.
«Nei!» sa han med sitt basun-mål; «det gjer eg aldri!»
Og då Daniel vilde vita grunnen til dette, sa Sven :
«Det skal ikkje De heller gjera. Dei trur oss ikkje!»
Den raude skuggen kom sterkare att og vart
liggjande.

Daniel forstod guten og vart skamfull; Sven Dufva
hadde rett. Haugum sa sidan det same; kunde dessutan
fortelja, at den som la seg sjuk, vart sidan strengare
yverhøyrd; det var då best å halda ut, so sant ein
kunde. Daniel drog ein tung sukk og sa at han fekk
freista å halda ut då.

Og han heldt ut. Men på slutten kunde han ikkje
lesa. Når han sette seg til med boki, so berre svimra
det for han. Ikkje torde han taka kinavin heller lenger;
Haugum hadde sagt at det var fårleg.

So fekk det stå til. Han hadde i det siste havt ei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0094.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free