- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
108

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

konge, og som då vilde liggja på låven all dagen og
eta rjomegraut. Den som hadde ein roman attåt grauten,
og so ei pipe etterpå, so kunde ikkje det vera verst!

Ettersom tidi leid, fekk han slik ein forunderleg
mat-hug. So makeleg som han levde, han vart svolten stødt.
Dette kom ille med for sparingi hans.

Det vart verre og verre. Mat-tankane vart so sterke
at han fekk ikkje fred for dei. Han kunde lesa dei
gildaste forteljingar um kjærleiks sorger og kjærleiks sæle,
og so måtte han upp og riva i seg eit stykke mat.
Eller han kunde lesa um riddarliv og kjempeverk i
heite draumar um salt kjøt og flesk og erter på
«Dampen». Og det glødde for bringa av svolt; han kjende
lukti av flesk og gule erter, so han mest gløymde
romanen.

Stundom stal han seg på «Dampen» dei dagane då
han etter rekningi skulde halda seg heime. Den sterke
strame matlukti frå eimkjøken kom yver han som ei
forlokking; han luska av stad som drikkaren til sjappi,
endå samvitet gnog og gnåla og minte tydeleg um at
han ikkje hadde råd.

Når han so nådde den sæle gluggen, der maten kom
langande ut igjenom som frå eit rikdoms djup ... og
når han fekk det rjukande varme fatet millom hendene,
so at no var det ikkje draum lenger, men handfast litande
sanning, — å, han kasta seg yver maten som eit dyr,
slo kryl på ryggen som hunden yver ein stolen
kjøt-knok og åt, åt; sukka av sæle; langa i seg grundigt og
metodisk, so kvar einskild bete kom til sin rett, gjorde
reint bord, og ynskte seg ein svanehals, so denne gleda
kunde vara lite lenger. Men når han vel kom heim,
var han svolten att.

Det var ikkje so poetisk å svelta, som Daniel hadde
tenkt. Og det var med stigande redsle han såg, at
pengane hans kvar dag minka. For kvar dalar som
gjekk, var det som det losna eit stykke av grunnen under
han; og når den siste skillingen ein dag måtte springa
. . . det vilde vera som å glida ut i eit myrkt, myrkt
gjuv.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0112.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free