- Project Runeberg -  Bondestudentar. Skuleutgåve ved Olav Midttun /
115

(1936) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - VII.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han hadde ikkje ro lenger til å sitja inne og lesa.
Ikkje kunde han gå på fyrelesningane heller; hadde anna
å tenkja på. Han gjekk mest og dreiv på gata og
døyvde sine redde tankar i draumar; og han hadde ei
løynleg von um, at han på denne måten kunde slumpa
uppi eitkvart. Lukka hans sat kann henda og venta på
han her eller der, berre han kunde koma yver ho.
Maten! For ein so jammerleg ting som maten kunde
då ikkje ei sjel gå under. Alle heltar i alle dikt fekk alltid
maten; det var rått å spyrja um slikt. Maten måtte
koma. Vårherre var vel likso god diktar som dei
andre . . .

Meiningslaust, tankelaust, uforsvarleg vilde det vera
å hjelpa han upp or bondelivet og so sleppa han att
på denne måten. Det var ikkje fritt for at Daniel i
sine inste tankar so smått truga Vårherre med, at han
vilde slutta å tru på han, um han ikkje hjelpte no.
Det var tankar som han sjølv fann formastelege; men
han forsvara dette med, at dersom han skulde bli
upp-rådd no, so vilde han vera nøydd til å tru at der ikkje
var meining i livet. Og so lett som det måtte vera for
Vårherre! Han, som hadde kvar manns hjarta og tanke
i si hand . . . Daniel gjekk og tenkte ut tusund måtar
som Vårherre kunde gjera det på. Eit gamalt minne
um eit salmevers sveiv stundom fram for hugen hans,
noko um at Vårherre gav borni sine det dei trong
medan dei låg og sov; og kva stod der ikkje i bibelen ?
Gamle Kingo song um både Josef og Elias og mange
andre; versi susa for øyro på guten, til dess han sistpå
liksom høyrde dei:

cElia, sig, hvo fødde dig,
der Regnen forholdtes underlig
i den svare dyre Tid?

I Sidons Land en Enke rund

til den Gud sendte dig samme Stund.

Og at du ei skulde lide Nød,

der du drogst did, som Gud dig bød,

og hans Befaling gjorde,

dig forde Ravne, Kjød og Brød

aarle og silde til din Fød’.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 16:18:10 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/bondestuds/0119.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free