- Project Runeberg -  Fire folkelærarar : Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullman /
109

(1930) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Viggo Ullmann, 1848-1910

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Oversættelse». Han skulde setja um
gamalnor-ske soger og gamle klassiske verk. Elevane
skulde betale kr. 8,00 for månaden for skuleganga.

— Men alt dette kunde likevel ikkje verta so
mykje, so han var i sterk tvil um kva han skulde
gjera. Vegen til «den høiere skole» stod nok open.
Men dit vilde han ikkje. «Dersom denne min
kjæreste plan må opgives», skreiv han, «blir jeg
vel nødt til at vende tilbake til det gamle
latinske skolevæsen, som jeg hader af mit ganske
hjerte». Å gå til eit arbeid som han hata, var
umogeleg for ein idealist som han. Han valde
folkehøgskulen. i

Den 1. oktober 1873 tok skulen til i Austre
Moland. Til medlærar hadde han kand. teol. Johan
Lange.

Arbeidet gjekk godt. Ein gong um månaden
var det ope møte med foredrag, og desse møta
samla alltid fullt hus.

Sumaren 1874 gjorde Ullmann ei
Danmark-ferd att. Fløistad skulde taka mot innmeldingar
til næste vinter. I sept. skreiv U. til Fløistad m.

a.: «–-hvad der ængster mig, er at jeg in-

tet hører fra dig om indmeldelser. Skulde der
virkelig ingen være? Men er der bare 5, jeg blir
ved.»

Då skulen skulde taka til i oktober, var der
3 — tri — elevar. Lange sa upp, og U. fekk seg
ein ny medlærar og tok til med desse tri elevane.

— Ein av dei har fortalt at Ullmann sat på ein

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:04:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/firefolkel/0123.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free