- Project Runeberg -  Den Norske folkekyrkja /
3

(1907) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Den norske folkekyrkja vart innvigd paa
Stiklestad, der Olav Haraldsson let livet under Jesu
Kristi krossmerke. De veit det heitest i eit kvæde :
at mannen han stupte, men merket det stod. Fraa
den dagen stod det so fast i Norigs jord, at det
stend her den dag i dag.

No hev kyrkje-klokkorne ringt ut yver by og
hygd i desse mange hundrad aar. Den eine ætt
etter hi hev samla seg under kyrkjekvelven. Der
hev dei mange funne fred. Der hev dei mange
lagt fraa seg’ byrderne sine og samla styrke til
arbeidet sitt. Dit hev dei bore smaa-borni sine og
lagt deim i Jesu frelsar-armar. Dit hev dei ført
ungdomen sin, so han kunde faa vigsla yver livet
fyrr han gjekk ut i verdi. Dit hev dei gjenge par
um par og lagt hand i hand framfor altaret. Og
dit hev siste ferdi gjenge, med’ kyrkjeklokkorne
hev ringt yver gravi.

Det er daa ikkje aa undrast paa at folkekyrkja
vaar hev sett djupe merke i folket. Det beste me
eig av aandsliv og aandsvokstr er runne or
kristen-trui. Eg trur ikkje eg segjer for mykje — : at
det norske folk hev kyrkja si aa takka for sjølve
livs-varmen og livs-voni i folkevokstren. I mine
augo er den norske folkekyrkja den gjævaste
nasjonale herlegdomen me hev erut fraa fedrarne.

Fedra-arven hev vorte ille medfaren her i
landet. Me hev vore snare til aa selja det gamle

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:32:44 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkkyrkja/0005.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free