- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
65

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Av laak ÆR, 65

dei gamle. Tridjedagskvelden tok dei til att
paa same Maaten. Dei flaug rundt 1 jagande
Dans, svingad Knivarne yver Hovudet og skreik
liksom Villmenn. Knut var inne i hi Stava.
Alvhild sat bleik paa Benken millom si og hans
Mor og fleire andre Konur; ho hadde so hjarte-
illt, at ho brydde seg um ingenting. Ho tenkte
paa Leiv. . Sometider sat ho og drøymde, at
no kom han inn gjenom Døri liksom Kjempa
i Folkevisa, tok desse Gaparne ein etter ein og
heiv dei ut gjenom Glaset liksom Vottar, — tok
so henne i Afmen, sette henne paa Hesten med
seg og foor til Skogs. »No skal me liva so
kjærlegt 1 Lag, og aldri skiljastl« — Denne
Draumen fekk meir og meir Magt med henne,
di større Villskapen vart i Laget. Ho sat og
einstirde mot Døri, liksom ho ventad nokon.
Mori og dei andre prøvde aa draga henne inn
i sitt Drøs, men faafengt. Dei spurde um ho
vilde dansa; nei. Dei spurde um ho vilde inn
til Brudgomen. Nei. Ho vilde ingenting. Ho:
sat som i Ørska og drøymde um utenkjelege
Ting SEE

Daa flaug ho upp med eit skjerande Skrik,
braut seg Veg gjenom Kjering-Ringen og Dan-
sen, stemde mot Døri med ustøde Steg, naableik
var ho, Augo steig ut or Hausen, store og kvite,
fælslege aa sjaa.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0077.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free