- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
116

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

116 G Seld til den Vonde.

var det einaste, ho brydde seg um. Det var
ein Elskhug utan all Tanke, naturfri og vill som
millom Fuglar i Skogen. Dei tålad saman um
mangt, men mest um seg sjølve, derimot lite
um Framtidi. For Framtidi var ikkje so greid
aa tenkja paa, som dei gjerna vilde; men det
skaut dei fraa seg. Det var mest Gunhild, som
førde Ordet. Baard gjekk og lydde, sjølvgløymd,
drøymande; ofta visste han ikkje kva det var
ho sagde, berre saag og saag paa henne, paa
Munnen, som gjekk, paa Smilet med dei kvite
Tennerne, paa Augo, som lyste og skifte Glans,
paa det rike Haaret, paa dei fine Henderne.
Møti var aldri lange, men dess meir sæle; Baard
totte han livde ikkje utan i dei.

Det leid paa Hausten; Baard og Gunhild
møttest sjeldnare. Men Enden vart, at Folk
fekk vita um det. Daa vart det eit Snakk rundt
all Bygdi. Ingen kunde forstaa seg paa Baard.
Naar han kunde faa ei Gjenta som Signe, som
væl ikkje var meir enn maateleg rik, men som
var baade ven og snild og dertil so dugeleg i
alt Arbeid og Stell, som Gjenta kunde vera, og
so han i Staden tok denne halvgalne Futedot-
teri, som nok hadde Pengar, men som ingenting
visste av det som trengdest paa ein Gard, so
maatte Guten vera fraa seg. Snakket naadde
tilslutt heilt fram til Nesfolket. No høvde det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0128.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free