- Project Runeberg -  Norsk maalsoga for skule og heim /
13

(1907) [MARC] Author: Marius Hægstad
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 2. Vikingtidi (750—1000)

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

haarfagre samla fylki til eit rike Norig[1]; men
samstundes minka han paa magti til dei store
ætterne som fyrr hadde styrt. Mange vart daa
misnøgde og siglde vestetter og herja sidan paa Norig.
Men kong Harald samla ein stor her og for etter
deim. Daa sette ei stor folkeskreid stemna mot
Island, som var funne ei tid fyreaat og hadde
fenge sine fyrste norske nybyggjarar i 874, tvo
aar etter slaget i Hafrsfjord. Tidi fraa 886—900
vert kalla landnaamstidi, for det var daa at dei
fleste tok land (nam land) paa Island.

Vikingtidi med sitt eventyrliv, sine store
hendingar og umveltingar, og med den gagnlege
paaverknaden utanfraa, mest fraa vesterlandi, sette
kveik i folkehugen og vekte upp evnorne. Heile
kulturen fekk ein annan svip; dei gamle
mangslungne former laut vika for nye, meir einslungne
og uvande, men ogso meir laglege aat folk og
land. Det tek til aa veksa fram ein ny kultur,
der gamalt og nytt, framande og heimlege former
smelter saman i ei ny, heilstøypt norsk form, som
fyre slutten av vikingtidi er tydeleg utskild fraa
svensk og dansk. Dei folki fekk sine nye
kulturemne paa noko andre vegar enn nordmennerne.

Den daadrike vikingtidi var ogso rik paa
skaldar, som kvad um gudar og kjempor og
storverki deira. Desse kvadi gjekk fraa munn til
munn og heldt seg i minnet ætt etter ætt. Mange
av deim er enno til og er ei pryda for det norske
bokrike. Her vil me berre minna um dei namn
gjetne eddakvadi og slike skaldar som egden Tjodolv
fraa Kvin
, helgelendingen Øyvind Skaldaspiller og
islendingen Egil Skallagrimsson. Men med di


[1] Norig kjem truleg av Norðrvegr, Norvegr, Noregr,
d. e. landet paa Nordkanten.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:18:34 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/maalsoga/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free