- Project Runeberg -  Matstell paa Landsbygdi /
6

(1907) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 6 ’-

stadir beintfram ikkje aa laa lenger.1) Smaatt
eidet med tenarhjelp elles og. Utan gognir til sitt
arbeid kann daa bonden snart ikkje greide seg.
Kva skal ein segja? Ei landsens kone er ikkje
meir enn menneskje ho heller. Det er ofte reint
ei storhjelp for henne, naar ijomeskiljaren kjern
og hjelper henne av med alle dei mjølkeringjune
ho hadde aa skure fyrr.

Ein kann og trøyste seg med, at skiljaren
hev hjelpt paa reinhalde i sume bygdir, der
mjølkestelle fyrr var mindre godt, og der mjølki
vart uppselt paa hylla inne i stogo. Men det
som soleis kann vera vunni paa ein kant, det er
meir enn tapt att med den klenare kosten.
Serskilde matbuir vert og no meir og meir aalmenne
i alle landslutir baade i sætrane og paa gardane.
Den som hev set t. d. ei østerdal s matbu med mjølk
i kvitskura bun kur, rein og fin og god dæ md, og
feite skinande ostar i rad og rekkje paa hyllur i
frisk sval luft, vil ikkje gløyme det fagre bilæte
av velmagi og fint stell. Men det vert kravt
meir og meir av kvendi 110, baade i matstell o. a.
som fylgjer ined, naar landsens liv skal verte
umlaga etter byskikk; og ho kann ikkje vera baade
det eine og det andre. Naar kravi vert større og
Ilendane færre, lyt ein gjeve upp sumt. Dei fine,
kvite ringjur og kjerald lyt paa lofte i lag med
vev og rokk. Der ein fyrr saag lange radir med
koparkjelar og kjerald, blanke og kvite som filsbein,
med eim av brisk og all som huglegt og lielsesaml
var, og sterke so dei gjekk i arv mann etter
mann, der ser ein no rustne og bulkute
blekk-kjerald,sprukne simple krustat og „maljekasterollar".

’) Undantak er der, som vel er; i Hallingdal vil gjentune heller
vera budeigjur enn innegjentur. Men so er dei friske og staute
og, desse hallinggjentune, veit me.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:32:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/matstell/0008.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free