- Project Runeberg -  Matstell paa Landsbygdi /
17

(1907) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 17 —

EsssKi: r.. 2

me enno ikkje er komne beintfram i kjøtnaud, som
folk utanlands mange stadir, so hev beste slag ferskt
kjøt vorti sjeldsynt og dyrt for det meste, liksom
mjølki. Orsaki er den same: jordi gjev inkje for
inkje; ho krev arbeid, nm ho skal gjeva noko av seg.

Ein fær daa for det fyrste stelle det vesle ein
hev so godt som ein kann.

Fyrst og fremst gjeld det daa, at dei kjøtbitane
smaafolk kann berge aat sitt eigi hushald, vert
forvara og nytta paa beste maaten. Men kjøt er
best ferskt. Sterk salting og lang utvatning øyder
nærings verde meir enn folk hugsar.

Kjøt vart lite nytta ferskt fyrr. Det meste
vart turka eller lagesalta. Dei salta jamvel
blodmaten, som i seg sjølv er so god, men töler mindre
salting og utvatning enn noko anna.

Minst av næri ngsverde taper lettsalta, turka
eller røykt kjøt.1) Det er daa og mat som alle
likar. Denne eldegamle maaten aa berge kjøt paa
skulde daa vera betre enn alle nyare saltemaatar.

Her skulde eg og ynskje at folk vilde lesa
Clemens Bonifacius. Han var ein „matkrok", denne
mannen; men han forstod seg meir paa mat enn
matkrokar plar gjera. Han skreiv mill. a. „Enhver
tænksom husmoder véd, at naar hun strør salt paa
ferskt kjød uden at sætte lidt vand til, saa svømmer
det om nogle dage i saltlage; og hun ved ogsaa,
al det ferske kjød minker i vægt, naar det lægges
i saltvand eller lage. Over 3ji af kjødets vægt er

’’ ’fil skivu (brød med smør paa) er røykt reinkjøt og røykt
rein-lunge framifraa.

Og folk røykte reinkjøte sjølv fyrr. No sender dei det til
lii byen: der vert det røykt, og kjem daa att til gjesteheimane
i bygdi mange gongir dyrare enn det turvte ha vori, og mvkje
for dyrt for bøndane.

1 gamle dagar turka dei ofte kjøte usalta. Den maaten brukar
(lei enno paa Færøyane med smalakjøt (sau); falle (slagte) vert
hengt upp heilt paa kjøthjellen (loft eller bur).

2

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:32:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/matstell/0019.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free