- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
132

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

komet, so var det vigtigaste vunnet, so at det andre kunde
sidan laga seg sjølv, som det vilde.»[1]

Aasen fyreslo soleis at dei skulde taka upp att det
gamle namnet. Han er visst den fyrste som gjer det. Og
han raadde folk til at dei skulde byrja straks med aa
bruka det gamle namnet der som dei ikkje var officielt
bundne. Men det er likt til at han hev halde det noko
vanskelegt um det gamle namnet kunde koma til aa løysa
det nye av heilt ut. I samkvæmet med utlandet hev han
trutt, ser det ut til, at det vilde verta tungt aa faa det
tilvande burt-rudt.

Dei fleste hev nok ikkje havt nokor tru paa at det
gamle namnet skulde koma seg inn att i nokre slag høve.
Ein ser at i 1874, daa framlegget kom upp um aa halda
stor 250-aars fest til minne um at Kristian IV «grunnlagde»
byen i 1624, og bystyret skulde løyva 1200 spd. til ei
bronsestatue av «bygrunnleggjaren», var det nok dei som tok
til motmæle imot det. Ein innsendar t. d. i «Dagbladet»
for 11. september protestera mot at det var Kristian IV
som hadde grunnlagt byen; «er der nogen der kan kaldes
anlægger af Kristiania, da er det Harald Haardraade».
Redaksjonen for «Dagbladet» fyreslo den 21. september at
heller enn aa reisa statue for Kristian IV skulde dei reisa
ei fridomsstytte til ære for 17. mai 1814; for det var etter
Noreg hadde vorte sjølvstendigt at byen hadde teke til aa
gaa so fram. «Den tykmavede Oldenborger» hadde alt
sett seg «minde nok om sin naragtighed i det navn, byen
bærer». Men korkje innsendaren eller redaksjonen gjet
noko um aa faa burt «Kristiania» og lata byen faa att det
namnet som høyrde byen aat Harald Hardraade til.[2]

Ein innsendar i «Fedraheimen» den 23. febr. 1878 let
mykje ille yver alle dei norske bynamni paa Kristian og
Fredrik: «Christians Sand og Christians Sund, og Fredriks
Stad og Fredriks Værn, Fredrik og Christian kor du snur
deg.» Og mest let han ille yver «Christiania». Men han
endar med, at «med slike namn, elder unamn, er fulla
inkje aa gjera. Det er dei «historiske høve», maatru, som
hev gjevet dei liv, og so denne merkelege danske og
dansk-norske smaken. Stytta aat Kristian IV vilde no helder ikkje
høva godt i ein by, som heitte Oslo. Kristian Kvartus maa
standa i «Kristian-ia».»

Tanken um namnebyte fekk no like vel etterhand nokre


[1] Ivar Aasen, Skrifter i samling 1. utg. II, s. 204 ff.
[2] Jfr. òg t. d.
«Dagbladet» for 21. 23. 24. 26. september, artikkelrekkja:
«Oslo—Kristiania». Det er ikkje heller tale um namnebyte.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0132.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free