- Project Runeberg -  Nymánen /
73

(1919) [MARC] Author: Rabindranath Tagore Translator: Lars Eskeland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kjempa

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

73
Det dimmest og myrknar på jord og
himmel, og me er ættville og uvisse um
vegen.
Brådt segjer du meg på namn og kvisk
rar og spør: „Kva slag ljoske er det der
attmed bakkebruni?"
Nett med same skjer det eit fælslegt yl
igjenom lufti, og det kjem nokre skapnader
springande fram imot oss.
Du sit samankrøkt i berestolen og nem
ner namnet på gudane dine i bøni.
Berarane bivrar av rædsla og gøymer
seg i klungerbusken.
Eg ropar til deg: ..Ottast ikkje, mor;
eg er her."
Med lange stavar i hendene og håret
flaksande um hovudet, kjem dei næmare
og næmare.
Eg ropar: „Akta dykk, uvyrdor! Eitt
stig til, og det er ute med dykk."

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 21:42:16 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nymanen/0077.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free