- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
9

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

So var karane inn komne, hadde faatt kvar si halve
kaalrot aa tyggje paa, hadde lagt godt paa varmen, og sat no
rugga og spikka. Daa skal eg segja det vart sumt aa faa
høyre! Um dagen hadde dei vore til kjøls etter ved og
torv eller sæterhøy og lauv; eller burti Musdal etter
takstein; eller ni Vikli’n eller Svartjønnli’n etter timmer og
staur. No fortalde dei kvar for seg um alt dei hadde
set og høyrt og upplevt. Og dei kunde fortelja. Dette
vart reine eventyr for oss ungom. Sume hadde set rev
— ja te og med skote, og kom med han. Sume rjupe,
sume hare. Eingong kom han Ola Bergheim inn med
ein diger levande orhane som han hadde fanga utved
Gullroberget, han kom med han i ein sekk.

So losna det med sogor fraa gamalt. Og han
Tor-gjeir Kniv var meisteren der; han var eldst. Han hadde
slegest med tvo graabeinar han, daa han var paa sitt
beste, og drepe deim med tolkniv; for dette saag vi upp
aat han meir enn mykje. Og so kunde han fortelja um
Domguten og ho Dau-Sigrid, og fleire rare og fæle ting
som hadde hendt før. Han song heile den lange visa
um desse tvo, te vi gret. — Ja so vilde han faa uppatt
motet vaart og klemde i med „Dalebuggen". Men daa
kom ho Torø baangjente au, ho var ikkje aa spøkje seg
med. „Nei shy, shy, du stygge Torgjeir, skræm naa itte
vete utur bonom mine med saa mye blod! Og kom her
bon — naa vil eg fortelja."

So fekk vi høyre um han Faalaaragge*); eller
Prinsessa paa Glasberget, eller Tyrihans.

Daa det var vel te endes kom han Lars snikkar.
Han hadde gjort fraa seg det meste paa sieden, og no
vilde han puste paa lite.

Han heldt Almuevennen og Adressebladet han Lars,
og hadde stødt noko aa fortelja fraa der. No fortalde

*) Det same eventyret som Asbjørnsen kallar Grimsborken.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0011.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free