- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
109

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Andre vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— I09 —

Matrøna. So gakk daa. Eg tenkjer temaskina
hev kome av kok.

Anisja. Aa, eg arme menneskja! (gjeng).

Matrøna. (gjeng burt til sonen og set seg). Ja, far,
no lyt me tvo tala litt um desse greiorne; for
denne saki er ikkje so beint fram.

Nikita. Kva for ei sak?

Matrøna. Kor du skal stella deg med aa
koma fram i verdi.

Nikita. Med aa koma fram ? Eg tenkjer,
naar andre greier seg, so skal eg med.

Matrøna. Kva meiner du no um gamlingen
gjeng av og døyr idag?

Nikita. Døyr han, so fred vere med han.

Matrøna (ser heile tidi mod døri). Aa far 1 Gløym
ikkje: «Ein sin død, ein annan sitt brød.» Her
gjeld det aa bruka tankarne. Du skulde berre visst
alt det mas eg hev havt for di skuld. Men so
vonar eg daa at du ikkje gløymer meg, naar
tidi kjem.

Nikita. Kva er det de hev det so travelt med ?

Matrøna. Kva anna vei en di framtid. Kor
ein best skal stella det for deg. Alting maa
gjerast i tide, skal det verta noko. Du kjenner
nok Ivan Moséitsch? Eg slepp inn der og. Eg
var der her um dagen — det var noko lite det
galdt — me kom i snakk, og so spurde eg han
med det same. «Set no, Ivan Moséitsch,» seier
eg, «at ein bonde som er enkjemann, gifter seg
andre gongen og hev ikkje andre baan en tvo

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 03:57:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0115.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free