- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
420

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

420
øysterdølen, som jamt var ein varm ven
til den frilyndte ungdomsrørsla og som testa
mentera eit stort fond til å fremja nasjonalt
reisingsarbeid. (Han står her attmed
Asensteinen på Vor Frelsers Gravlund").
Det er difor ikkje so underleg um
dei frilyndte ungdomslagi har havt mykje
å segja for den åndelege og religiøse fri
gjeringi i landet vårt, som skapte sjølve
rørsla. Ungdomsmøti har vore ei motvekt
mot dei trongsynte uppbyggjingsmøti og
den livsfiendske pietismen og ein altfor
einsidig politisk agitasjon. Dei har gjort
den nasjonale reisingi til ein maktfaktor i
landet, hjelpt til å auka sjølvstendeviljen
i folket og skapt vokstervilkår for mål
reisingi og ein sann nynorsk kultur. Dei
har auka vyrdnaden for landsungdomen
og tvinga dei øvre kulturlagi til å taka
meir umsyn til ein sann norsk folkevok
ster. Og dei har kasta glans og vyrd
nad yver bondeyrket, yver dei mange
små og store norske heimane og alt det
rotvaksne norske.
Det arbeid som er gjort har vore
stort og verdfullt i ei rik tid. Det er eit
traust, breidt grunnlag som er lagt.
Det gjer ansvaret stort for dei som skal byggja vidare rundt i dei mange
lagi i det vidsveimde landet vårt. Nye uppgåvor melder seg, ny ungdom
strøymer til med friskt mod, ljos tru og rike voner. All norsk ungdom
;tår saman i ynsket um framgang og heppe for folket vårt
OLAV MIDTTUN.
Skriftstyret i arbeid.
Helge Væringsåsen,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:04 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0430.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free