- Project Runeberg -  Ungdomsskulen i Norge i 50 aar 1864-1914 /
16

(1914) [MARC] [MARC] Author: Haakon Aasvejen, Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - I. Folkhøgskulen - Folkehøgskular som er i gang no (1914) - 13. Torshus folkehøgskule - 14. Vestuppland folkehøgskule - 15. Eidsvoll folkehøgskule - 16. Vestmar folkehøgskule - 17. Buskeruds folkehøgskule - 18. Agder folkehøgskule

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

der hjelpte og til, og ein folkehøgskule vart
reist paa Fandrem hausten 1903. Styraren,
Anders Mo, er fødd 1869, tok lærareksamen
1890, var nokre aar lærar ved ein privatskule
paa Levanger, seinare ved amtsskulen paa
Ringsaker til han tok til med
folkehøgskulen i Orkedalen. Ingvald Forfang, som i
mange aar har vore lærar ved skulen, har i ei
aarrekkje gjeve ut »Høgskulebladet« og
fleire skrifter um høgskulemenn og
høgskulearbeid.

14. Vestuppland folkehøgskule.


Fylkeslaget »Uppland« gjorde mest til
aa faa istand skulen, som vart opna hausten
1906. Til styrar valde ungdomslaget O.
Islandsmoen.
Han hadde i fleire aar vore millom
dei fremste i ungdomsarbejdet paa
Vestupplandi. Skulen var fyrste aaret i
ungdomshuset »Folkvang«, men styraren fekk seg seinare
eigen gard i Brandbu, der skulen no er.

Olaus Islandsmoen er fødd i Valdris 1873,
tok studenteksamen 93 og andreeksamen 02.
Han var lærar paa ymse skular, m. a. paa
folkehøgskulen i Valdris, til han fekk sin eigen
skule.

15. Eidsvoll folkehøgskule.


I 1907 vart det vedteke at det skulde
byggjast ein stor skule paa Eidsvoll. Fraa
fyrst av var det tanken at det skulde vera ein
amtsskule; heradsstyret i Eidsvoll hadde gjeve
ein større pengesum til ein slik skule; men
seinare vart det umgjort soleis at det skulde
gaa til ein folkehøgskule. Stortinget hadde
nemleg same aaret gjort vedtak um, at ein
folkehøgskule paa Austlandet og skulde faa
direkte statstilskot, soleis som fleire andre
skular vest- og nordpaa. Kyrkjedepartementet
avgjorde det soleis, at tilskotet vart gjeve til
amtsskulestyrar Sørensen, som no gjekk over
i folkehøgskulen, og aaret etter fekk reist
Eidsvoll folkehøgskule.

Jon Sørensen er fødd 1868, tok eksamen
artium 1889, andre-eksamen og lærareksamen
1891, var i fleire aar lærar i folkeskulen, og
vart amtsskulestyrar i Akershus amt 1903. —
Millom dei som er eller har vore lærarar paa
Eidsvollskulen kann nemnast presten Erling
Grønland, kand. teol. Berggrav-Jensen
(styrar
av tidsskriftet »For kirke og kultur«) og den
kjende maalmannen Sigurd Nesse.

16. Vestmar folkehøgskule


har til denne tid vore paa flytjing, har vore i
Drangedal, Bamle, Eidanger og Sannikedal.
Men det er tanken aa faa den fast fra
hausten 1914.

Skuien vart uppretta av Jens Dagestad i
1909 i Drangedal, der Ullmann hadde skule
ei kort tid i 70-aari. Jens Dagestad er fødd
paa Voss 1880, gjekk fyrst paa
folkehøgskulen i Seljord, tok seinare lærarskuleeksamen
og var nokre aar lærar ved Agders
folkehøgskule og ved ein amtsskule i Nedenes.

17. Buskeruds folkehøgskule.


I oktober 1913 var det stor
innvigjingsfest paa Buskeruds folkehøgskule, som hadde
faatt istand store nye hus til eit verde av
kring 50000 kr. Det ligg eit langt arbeid bak
denne innvigjingsfesten. Elevar fraa Sagatun
tok alt i 70-aari til aa arbeida for ein
folkehøgskule i Buskerud. Som fyrr nemnt, heldt
Olav Kirkeberg (1884—88) og Andreas
Vamraak
(89—93) folkehøgskule her. Av dei som
har arbeidt for saki seinare er lærar S.
Reinthon,
ordførar i Hol i Hallingdal, og Erling
Bækkestad,
ordførar i Aal og formann i
amtsskulestyret, Severin Kvaale, stortingsmann
A. M. Omholdt m. fl.

Styraren for den nye folkehøgskulen i
Buskerud er Olav Langeland. Han er fødd
1866. Etter at han hadde teke lærareksamen,
var han lærar i folkeskulen og amtsskulen.
Daa det vart spursmaal um aa faa ein
folkehøgskule i gang att i Buskerud, vende dei
seg til honom um aa ta styret, og han har
no med studnad av upplysningsmenn i amtet
arbeidt saki fram og faatt ein fast skule reist.

18. Agder folkehøgskule.


Fraa 1901—07 var det i Nedenes ein
skule igang, som heitte Agder folkehøgskule.
Det var den høgskulen amtsskulestyrar
Torgeir Berulvson fekk igang paa Vigmarken der
Ullmann hadde skule i midten av 70-aari. Den
noverande Agder folkehøgskule i Hægeland
ved Kristiansand er aa rekna for ein ny skule.

Den vart sett igang hausten 1910 av S.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Tue Dec 12 12:03:27 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdomskul/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free