- Project Runeberg -  Den Norske folkekyrkja /
11

(1907) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

framtak, i alt. Men i Norig gjekk det attende dei
fyrste hundrad aar etter reformasjonen.

Ja for: det var no ein rar reformasjon me
fekk.

Me fekk honom saman med danskeveldet. Paa
sjølvsame riksdagen i Kjøpenhamn 1536, der
reformasjonen vart vedteken, tok dei og avgjerd um
Norigs trældom: Norig skulde ikkje lenger vera
eit sjølvstendigt rike, men ein lut av Danmark
liksom Jylland og Fyen, „et ledemod av Danmarks
rige til evig tid".

Fullt so ille vart det no ikkje. Men det syner
kva leid det bar.

Fyrst kom dei danske adelsmennerne, skulde
gjera det grovare reformasjons-arbeid i Norig. Grovt
gjorde dei det. Dei reiste fraa kyrkja til kyrkja,
skulde ribba kyrkjorne for alt katolsk. Og dei
ribba vel med seg: alt som var av sylv, alt som
hadde noko verde tok dei med seg; det var katolsk
for deim. Liketil altar-kari tok dei ut or kvar
einaste kyrkja og reiste til Danmark med. Her i
landet vart dei i beit med aa halda altargang
fleire aar etter „reformasjonen" var innførd; dei
laut daa faa seg nye altarkar av tre og tin, som
me kann lesa i dei gamle kyrkjestolarne, til dess
dei fekk kosta seg nye av sylv. (Det finst vel
snaudt 10 altarkar att som er fraa den katolske
tid). Det var ein rar reformasjon dette.

Men so dei nye prestarne?

Ja danskekongen var i beit med preste-emne.
Han bruka mange raader. Han slo saman mange
kyrkjor til eitt prestegjeld. I den tid var det
anneksi kom upp. I den katolske tidi var det prest
ined kvar kyrkja. No hende det (som i Røyldal)
der dei fyrr hadde havt gudstenesta kvar vika, fekk
dei no berre ei gudstenesta for aaret, naar
soknepresten kom den lange vegen fraa hovudsoknet.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:32:44 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkkyrkja/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free