- Project Runeberg -  Den Norske folkekyrkja /
12

(1907) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 12 —

So var det ikkje rare kararne heller, mange av dei
nye prestarne. Danskekongen tok det han hadde:
dugløysor som ikkje var brukande i Danmark;
like til slike som hadde dumpa til student-eksamen
dernede, so hadde han kappa og krage paa deim
og sende deim upp til prestar i Norig. Slike kunde
ikkje preika sjølve, dei hadde ikkje kunnskapar
til det. Men dei kom med ein dansk postil under
armen, og las upp or i kyrkjorne. Og folket skyna
ikkje ein mukk.

Berre so mykje skyna dei: her var bod fraa
Danmark at dei skulde skifta tru. Men det vilde
dei ikkje. Daa var det folkekyrkja vaar fekk sin
store knekk, ein knekk ho lid under den dag i dag.
Fraa den tid kjenner me klufti millom det norske
folk og den norske kyrkja.

Det var sagte undantak, slike som
Nordlands-presten Peter Dass. Men i det store og heile vart
dei nye prestarne framande for folket. Dei tok
embættet som eit livebrød, og folket totte presten
var ein dyr kar aa føda paa. Det vart laga eit
ordtøke um prestesekken som aldri vart full.
Prestesekken hadde vore like stor fyrr; men hjartelaget
til aa fylla honom minka hjaa folket, som
ven-tande var. Presten laut bruka retten; me les um
semjor millom prest og kyrkjelyd, um tvistemaal,.
naar presten totte lian ikkje fekk det han skulde,
eller ein av aalmugen meinte, han kravde for
mykje.

Eg undrast um det ikkje er i denne tidi hilt
verset i Draumkvædet um „ein styggings rygge"
hev fenge ny adressa: dei brytja nedi ein preste-

’•ygge-

Me hev ei segn fraa Telemarki som teiknar
tidi etter reformasjonen. Der stod presten, hr.
Peder, paa preikestolen i Selgjord-kyrkja; han var
endaa ein lærd prest, so han kunde preika sjølv;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:32:44 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkkyrkja/0014.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free