- Project Runeberg -  Den Norske folkekyrkja /
16

(1907) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 16 —

I ævor deri mie ei stundi vert long:

dei grunda paa sælaste gaata.

Der bid ikkje sorg. Men so væn lyder song

at taaror sorn perlor dei graata.

Lik blomar um vaaren vert kjærleiken ny;
den sæla i ævor skal vara.

Lik dagen som for — den som raudnar i sky
for hundrad i hugnad skal svara1).

Tvo hundrad aar etter reformasjonen vart
konfirmasjonen innførd, og dermed skularne ordna.
Det kom meir kristendoms-kunnskap inn i landet.

Lat vera at det var danske biblar som kom
inn i dei norske heimarne. Det er saart aa tenkja
paa: me nordmenner hadde vore eit av dei faae
folk i den gainle tid som fekk Guds ord paa sitt
eige maal; no var me det einaste folk i Europa
som ikkje fekk bibelen paa morsmaalet; me laut
liva av smularne fraa det danske bord. Men —
smular er og brød; det var daa Guds ord paa ei
vis, um det var paa dansk.

Lat vera at det var danske katekismor som
vart bruka i dei norske skularne! So lenge tedde
prestarne det inn i skulemeistrarne, og so lenge
tedde skulemeistrarne det inn i borni, til slutt so
skyna dei daa noko av det. Og det var betre enn
ingen ting.

Men seigt gjekk det, som ventande var.

Annan stad passa reformatorarne alltid paa aa
bruka folkemaalet. Her i landet vart grunntanken
i reformasjonen fornegta, og vert det enno den dag
i dag. Det er Vaarherres meining at hans evangelium

l) Ord og tone hev eg fenge prenta i „Høgskulebladet"
1905.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:32:44 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkkyrkja/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free