- Project Runeberg -  Den Norske folkekyrkja /
19

(1907) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 19 —

Den norske grunnlov hev djupe røter i
reformasjonen.

Med vaaren kom varme. Med varmen tok
surdeigen til aa syra igjenom med nv kraft. For
de veit det, alle som hev med surdeig aa gjera:
det lyt varme til.

Ser me attende paa dei siste hundrad aar,
gaar me aat store framstig: i upplysning, i moral,
i kultur. Folk tenkjer og liver onnorleis no enn
hundrad aar sidan.

Lat meg berre nemna ein ting: hundrad aar
sidan vart det ikkje rekna for synd her i landet
aa drikka seg drukken. Ein kunde vera like god
kristen og like god prest um ein tok seg „eit ærlegt
rus" ender og daa. Endaa haugianarne drakk seg
eit rus mang ein gong naar dei kom saman.
Hundrad aar sidan kunde ein prest segja til
tenest-drengjerne sine, leid ut paa jolekvelden: no skal
de ut paa tunet aa skrika og huva, so folk i bygdi
kann høyra at me hev daa jolegleda paa
prestegarden au. (Soleis i Telemarki). Enno 50 aar
sidan var det deruppe rekna for ei stor skam naar
ikkje alle gjesterne i eit lag vart drukne. Verten
gjekk daa og sytte, som garden hans skulde ha
brunne. Var det gjester som ikkje vilde drikka
seg fulle, so hende det at dei lest vera fulle —
til trøyst for verten, og til aa fria seg sjølve fraa
skammi; folk glodde fælt paa deim som ikkje
vart drukne; dei bruka eit ordtøke: Gud naade
den som ikkje Guds gaavor bit paa. — Men kom
»o upp til Telemarki: det som fyrr var ei skam,
det er no ei æra; det som fyrr var ei æra, er no
ei skam.

Det er surdeigen som hev syrt igjenom
tankegongen og livevisi. Eg kunde nemna fleire slike
tløme. Det gjeng fram alt fort.

Me kann alle fortelja um tankar og tokkar

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:32:44 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkkyrkja/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free