- Project Runeberg -  Den Norske folkekyrkja /
20

(1907) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 20 —

ine hev fenge fraa Jesus Kristus: tank-ar um rett
og sanning, syn for eit reint og godt og kjærlegt
mannaliv, tankar um syndsforlating og umvending
til Gud —! Det er tankar me ikkje kann verta
kvitte, kor gjerne me vilde, — dei er gjengne oss
i blodet fraa barndomen: me kann liva tvert imot,
men kvitte deim vert me ikkje.

Paa eit ungdoms-møte sa ein talar nokre aar
sidan: „Det er tvo strengjer me vil spela paa i
ungdoms-arbeidet vaart. Den eine strengen er
Jesus-strengen. Den andre strengen er den
menne-skjelege strengen, og den lyt me stilla etter
Jesus-strengen, so dei tvo kann laata vel i hop, so det
kann verta full samljod." Jesus-strengen — er det
nokon her i landet som aldri hev kjent kor den
strengen dirrar paa hjarte-botnen? Jesus-namnet
rømer for alle nordmenn det høgste og dyraste
og lieilagste dei kjenner. Me som arbeider med
ungdomen er glade me veit det: det bid ingen
norsk gut, ingi norsk gjenta som ikkje hev slik
ein Jesus-streng inni seg; hev me herre lukka til aa
faa røra ved den strengen, daa tonar det djupt upp
fraa ungdoms-hjarta.

Dette er folkekijrkja vaar aa takka. Det er
henne som hev lagt den strengen inn i
barne-bjarta, inn i ungdomshugen.

Minnest de ein manns-alder sidan — ein av
dei fremste nordmenn er vilde riva Jesus ut or
hjarta paa det norske folk! Daa han hadde bala
med det eit bil, banna han paa at det var eit
tungt arbeid: han sit forbanna fast, sa han.

Det lian banna yver, skulde ikkje me takka
for det, skulde me ikkje segja: han sit velsigna
fast! det er ikkje so lett aa riva Jesus ut or det
norske folke-hjarta; han hev fenge alt for stort
rom der til det, i desse ni hundrad aar!

Eg skynar so vel det ein student ein gong

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:32:44 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkkyrkja/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free