- Project Runeberg -  Matstell paa Landsbygdi /
26

(1907) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 26 ’-

vel utgnika, vert tilsett. Persille; muskatnot; lite
salt og pepar; mjøl, til dess deigen læt seg laga i
store ballar. Desse kokar ein i supa, som daa fær
fin smak.

Livr som er vatna og llaadd og uppskori i
fingrtjukke skivur, kann ein steikje saman med
flesk og setja fram med kaalrot eller gulrøtar eller
varme jordeple.

Fin livrekurv til skivu („smørrebrød"): Ein
mel Vs kilo livr og IV2 kilo llesk saman paa kvern
3—4 gongir, sped det med lite sterk kald kjøtkraft,
kryddar det godt med pepar, nellik, allehande.
Noko-lite salt. Dette vert stappa i rette tarmar;
pylsune kokar V2 time; so legg ein dei i kaldt
vatn i 10 minuttar.

Nyra maa vera godt gjenomsteikt; elles kann
del vera faarlegt („bendelorm"!). Fin ragout fær ein
av nyra, naar ein skjer det i smaabitar og brunar
det i feitt og straar med mjøl og sped med kraft;
noko-lite edik i duppa.

Hjarta, nyra, lunge, livr hakkar ein helst og
brukar til pylse; ein blandar hakke med gryn og
nyrefeitt. Er det lint hakka, og gryni hev vorti
koka i kraft, so vert det god mat av dette. Og
billeg og drjug.

Hakka kjøtrestar, hovudkjøt, fleskesvor o. dl.
kann ein blande med gryn av havre eller bygg og
laga god, kostig pylse av. Er kjøte magert, gjøder
ein med nyrefeitt.

Eimkoka („gedünstet") kalvehjarta likar dei
godt i Tyskland. Hjarta vert lagt heilt i ei
skafte-gryte (tett lök!) med nokre skeidir kraft og lite
krydde, og dampar til det er møyrt. Vert framsett
med surkaal eller ertestappe.

Hovudkjøt (av kalv og sau) vert hakka og laga
til kalvekipe („Heimestell" s. 63) eller skori i skivur

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:32:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/matstell/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free