- Project Runeberg -  Matstell paa Landsbygdi /
33

(1907) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 33 —

Kaffien raar heile verdi no. Og god kaffi i
maateleg mengd aal vaksne folk, det gjer ikkje
noko vondt større. Men god kafli er dyr. Det
store fleirtale, som lyt nøgja seg med ring kafli
med vonde og verdlause blandingar i mengd, er
verre fari. Og skrike („reklamen") hev slik magt,
at dei ringaste kaffislag med dei laakaste iblandingar
(som gjerne vert mest uppskrikne), deim tek folk
heller enn reine og attaal nærande blandingar
som heimebrend bygg eller den billege og gode
Kneipp-kaffien. Erter, som vert bruka til
kafli-blanding sume stadir, feil ikkje netupp i min smak,
men er daa visst mange gongir betre enn alle dei
løyndomslege blandingspulveri fraa landhandlaren.

Ein frisk og god og helsesam drykk fær ein
av einebær, som vert malne og bruka som te.
Den vanlege billege kaupe-„te"en er langt ifraa so
god, korkje for smak eller helse; og einebær-te
fær ein dertil fritt. Ein kann og koke te paa
tyteberblad som ein brunkar litegrand paa ei panne;
den er mykje betre enn baade billeg kaupe-te og
sikori-kaffi.

Det som i det heile trengst er: upplæring.

Og daa „heimen" no altfor ofte er burtvildra
(hev halvgløymt godt gamalt og halvlært baade godt
og skralt nytt), so trengst det for den store mengdi
’io, at me fær gode hushaldsskular.

Gode hushaldsskular, segjer eg. Skular som
ikkje herre preikar og gjev leksur; skular som
lærer folk aa gjera det som gjerast skal i eit hus.

Me hev hushaldsskular nok, aat slike som skal
lære bystell. Men for landskvende som vil lære
landsstell, er det verre. Paa byskulane vert dei

3

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:32:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/matstell/0035.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free