- Project Runeberg -  Matstell paa Landsbygdi /
34

(1907) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 34 —

sjølvsagt burtvilla meir enn rettleidde; og av gode
landsskular er her ikkje mange.

Jamvel paa amtsskular i gode bygdir leiger
dei helst (billege, d. v. s. unge) bvkvende til lærarar
i lands-husstell. Det er den bakvende visa heilt ut.

Og endaa um skulane kann vera gode, so
nyttar det lite, naar skuletidi er for knapp. Ein
lærer ikkje husstell paa tri inaanar; ein lærer i
det heile ikkje husstell av bøkar, og av aa „sjaa
paa". Mange gjentur som kjem ut fraa gode
skular, og hev kosta paa seg so mykje som dei
hadde raad til, eller vel so (let, dei hev t. d. aldri
vori med paa ei slagting. Mange hev knapt vori
skikkeleg „med" paa sylting heller. Og det dei
lærer av mjølkestell, eller jamvel flatbraudbaking,
er jamgodt med inginting. Læretidi er for stutt,
og søknaden til skulane for stor; og so driv dei
med boklærdom („theoretiske fag") so reint for
mykje etter maaten.

Ei elles vitug og glup gjente, som for (laante)
4—500 kr. hadde gjengi paa ein slik skule (ja no
heiter det elles „kursus"), — daa ho kom ut alt,
hadde ho aldri sjølv skori upp eil kjøtlaar eller
lima sund so mykje som ein kalv; ho hadde berre
set paa at læraren gjorde det. Ei billeg’, lettvinn
eplestappe (-„mos"), som kvart hus paa lande
skulde kunna halde seg med, hadde ho aldri høyrt
gjeti. Men „lin anretning", og mykje som kann
vera godt for eit selskapsbord eller hotelbord, det
hadde ho lært. Ster same maaten arbeider slike
skular paa lande og no helst. Det hev daa og vori
sagt med altfor god grunn, er eg rædd, at
hushalds-skulane lærer landskvendi upp til hotelkokkur og
ikkje til husmødrar, minst til husmod rar paa lande.

Det kann vera paa lidi at det vert tilføre for
landsens kvende til aa lære landsens stell, lære aa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:32:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/matstell/0036.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free